Om oss

SN Hytteservice AS er eigd av Steinar Løkken og Nils Aasheim, etablert for å drive med vaktmestertjenester og hytteservice på Lemonsjøen i Vågå. 

S i navnet står for Steinar. Han er utdanna byggmester og har lang erfaring i faget både som handverkar og leiar.

Steinar har vore med og styrt utbygginga på Lemonsjøen frå starten i 2004. Det er stor sjanse for at Steinar har vore med på planlegging og bygging av vegen du kjører på, eller i ei eller anna rolle på hytta eller leilegheita di.

Steinar er til dagleg å finne som prosjektleiar for Vågå kommune der han  steller med planlegging, byggeleiing og rådgjeving på kommunale bygg. Knip det kan han og teikne eit tilbygg, eller finne ein god arkitekt om det trengs meir kreativ kraft.

N står for Nils. Han er utdanna vaktmester og har sitt daglege virke i  Vågå kommune. Som vaktmester er han god på alt av småfiksing og reparasjonar og kan dette med å stelle godt med bygningar.

Nils trivst spesielt godt med beiskosten i handa, men handterer hammer, sag og vaskekluten like godt. Han har og fartstid som høvelmester og tømmerhoggar og er ekspert på trefelling og vedhogst.

Vi er båe busette i Vågå og har hytter på Lemonsjøen. Dette betyr god lokalkunnskap og rask responstid om det er noko som hastar.

SN-Hytteservice kjenner godt lokale håndverkere og firma, og vi formidler gjerne kontakt om det er større ting som skal gjerast. Rimelege prisar og god service.